Norsk elpris blir sterkt påverka av elprisane på kontinentet når det blir fleire utanlandskablar. Når Englandskabelen og kanskje Skottlandskabelen blir bygget, kan dette føre til sterkt auka pris, då prisen i Storbritannia er mykje høgare enn i Noreg.

Det er heilt feilaktig å påstå at det er temperatur og fyllingsgrad i Noreg som har vore avgjerande for norsk elpris i perioden 2016 - 2018 og utover i 2019. Det er i hovudsak kontinental pris som har vore avgjerande, og dette har vore mogleg på grunn av den store veksten i utanlandskablar.

Mads Løkeland-Stai hadde presentasjon om dette på styremøte 25.04.2019: