Ein brei allianse mellom fagforeiningar, naturvernorganisasjonar og politiske parti, klarte å stanse utanlandskabelen til Skottland, NorthConnect, våren 2020. Dessverre vart ikkje kabelen avvist for all framtid. No kan den koma på bordet att.

Eit av vilkåra for ein allianse i Stortinget mot NorthConnect, var at det berre var staten (Statnett) som skulle ha lov til å eige utanlandskablar. No er det lagt fram forslag til endring i energilova om dette, men NorthConnect blir ikkje omfatta av endringane, då det er foreslått at dette berre skal gjelde søknadar etter 01.01.2020. Det vart søkt om NorthConnect i 2017. Dette er i realiteten eit grovt brot på avtalen i Stortinget. I tillegg spøker den sokalla infrastrukturforordninga i EU i bakgrunnen. Den er foreslått lagt inn i EØS-avtalen, og vil i realiteten flytte avgjerda om NorthConnect over til EU.

Dersom NorthConnect blir bygget, vil det bli storstilt eksport av kraft til Storbritannia (med store tap), og import av høgare elprisar frå Storbritannia. Det vil samtidig føre til auka press på bygging av vindkraft i norsk natur, at enno fleire vassdrag blir bygget ut, og auka effektkøyring i vasskraftanlegga, til skade for livet der. 

Les kva Nei til EU skriv om dette i sin høyringsuttale til dei føreslåtte endringane i energilova.