Nokre kraftverk har ikkje utløp i elv, slik Jo Heringstad peiker på i eit svar til oss i TK. Men det er ikkje desse kraftverka Statkraft er engsteleg for at dei ikkje kan køyre opp og ned som dei vil i framtida.  Dei er opptekne av alle kraftverka som endar opp i ei elv, og som kan få pålegg om ikkje å skru produksjonen opp/ned i raskt tempo, til skade for livet i elvene.

Det er bra at det blir gjennomført revisjon av gamle kraftverkskonsesjonar. Kraftselskapa ønskjer løyve til rask opp/ned regulering av vassføringa i elvene for å få tene på krafthandel gjennom utanlandskablar, basert på hurtig varierande prisar mellom Noreg og utlandet. Dette bør bli sett på som eit dårleg argument mot gode vilkår for livet i elvene.

Heringstad argumenterer også for fleire utanlandskablar, fordi dette vil kutte CO2 utslepp i andre land. Men EUs kvotesystem fører til at redusert utslepp ein stad, frigjer CO2-kvotar andre stadar, og dermed blir det totale utsleppet om lag det same. Det som i hovudsak fører til redusert utslepp, er EUs årlege planmessige fjerning av CO2-kvotar. Fleire utanlandskablar fører til import av høgare elprisar, usikker framtid for norsk kraftforedlande industri, og press for bygging av vindkraft på land.

Norske smelteverk er blant dei mest energieffektive verka i verda, og med minst utslepp av klimagass. Norsk kraft bør bli prioritert til å erstatte fossil energi i Noreg, og til å sikre framtida til industrien. Dette er den klimamessige totalt sett beste bruken av norsk elkraft, og gir minst naturinngrep.

Jan Haugen og Mads Løkeland-Stai

Kabelaksjonen.no

Stod som innlegg i Tidens Krav 17.08.2020, som svar på dette innlegget 11.08.2020 frå Jo Heringstad