Stortinget behandla 23.04.2020 diverse forslag om Skottlandskabelen NorthConnect. Dessverre vart det ikkje fleirtal for å stanse NorthConnect ein gong for alle. Forslaget om å stanse kabelen, fekk støtte frå SP, FrP, Raudt og SV, men ikkje frå AP. 

Regjeringa trekte 25.03 saka om konsesjon til NorthConnect, men det er ikkje sett endeleg stans for denne Skottlandskabelen.

Det vart difor teke initiativ til å få NorthConnect behandla Stortinget for å få den endeleg avvist. Voteringa skjedde 23.04.2020. Det vart fremma og stemt over 6 forslag. Vi refererer tre av dei. Det første var ei klår avvising, mens det siste tek berre stilling til kven som skal eige utanlandskablar generelt.

  1. Forslag om å skrinleggja NorthConnect for godt (AP, regjeringspartia og MDG røysta mot)
    «Stortinget ber regjeringen om å stanse den planlagte utbyggingen av NorthConnect.» Fremma av SV, SP og FrP
    Vart avvist: 30 for, 57 mot.
  2. Forslag om å byggje NorthConnect så raskt som mogleg (forslag frå MDG)
    «Stortinget ber regjeringen sørge for at Statnett overtar eierskapet til NorthConnect, slik de nåværende eierne har bedt om, for å sikre at kabelen kan bygges raskest mulig og derigjennom bidra til utslippskutt, økt kraftutveksling og markedsutvikling for fornybar energi.» Fremma av MDG.
    Vart avvist: 1 for, 86 mot
  3. Forslag om at Statnett skal ha monopol på å eige og drifte utanlandskablar
    "I tråd med de kriteriene Stortinget vedtok i forbindelse med behandling av Prop. 5 L (2017–2018), jf. Innst. 175 L (2017–2018), ber Stortinget regjeringen snarest fremme forslag om endring i energiloven som sikrer Statnetts monopol på å eie og drifte alle fremtidige utenlandskabler."
    Vedteke: 63 for, 24 mot (SP og FrP mot)

Konklusjon

NorthConnect ligg i regjeringas møllpose, klårt til å bli realisert på eit seinare tidspunkt, med Statnett som eigar. Dersom AP hadde røysta for forslag nr 1, ville NorthConnect ha havna på historias søppelhaug.

Debatt om APs stemmegiving og rolle i Stortinget

Opptak frå Stortingsbehandlinga