KRONIKK i Enerwe.no: Kabelaksjonen.no mener at klimaregnskapet til NorthConnect ikke henger på greip.

Panikk i NorthConnect

Kraftselskapa bak Skottlandskabelen NorthConnect ser at dei har problem med å vinne fram i opinionen, og risikerer å få avslag på søknaden om konsesjon.

Dei gjekk høgt ut på banen og fortalde at NorthConnect var eit klimatiltak, med 2 millionar tonn redusert utslepp av CO2 i UK, basert på utrekninga til Storbritannias «National Grid». I tillegg ville kabelen bli lønnsam for kraftselskapa). Men så kom NVE og viste at det ville bli ca 7,8 TWh netto auka eksport kraft til UK på grunn av NC i 2025, og at denne eksporten ville føre til like stor reduksjon i eksporten til Kontinentet. Kombinert med NVEs rapport 18-2019 om krafteksport og klimagass, ser vi at det er meir sannsynleg at NorthConnect vil føre til auka utslepp. Dette er fordi NVEs rapport hevdar at eksport til UK i hovudsak vil erstatte gasskraft, mens eksport til Kontinentet i hovudsak erstattar kolkraft. Ettersom kolkraft har meir utslepp enn gasskraft, blir resultatet at det å flytte eksport frå Kontinentet til UK fører til auke i utsleppet av CO2.

NorthConnect, ein klimakatastrofe

Dermed fekk NorthConnect problem. Kabelen stod ikkje lengre fram som klimatiltak, men meir i retning av klimakatastrofe. Då kjem Klaus Vogstad frå NorthConnect med artikkelen «Slik er NorthConnects klimaregnskap» for å redde stumpane. Men NC har aldri tidlegare rekna på klimaet. Dei har berre vist til utrekningane til National Grid, og det gjaldt berre redusert utslepp i UK. No er tydelegvis ikkje lengre National Grid å stole på, og i alle fall ikkje NVE. Vel, vi får overlate til  NorthConnect å krangle med National Grid og NVE om kven av dei som er best til å rekne, og sjå på andre sider av Vogstads innlegg, men først må vi innom EUs kvotesystem.

EUs kvotesystem - ein svart joker

EUs kvotesystem for CO2-utslepp gjer at det er problematisk å påstå at krafteksport frå Noreg fører til redusert utslepp av klimagass, uansett om eksporten går til UK eller Kontinentet.

Ein av dei fremste ekspertane på EUs kvotesystem ETS, Professor Eirik Schrøder Amundsen, skriv det slik i Samfunnsøkonomen nr 1-2020:

«Når ett land reduserer sitt utslipp innenfor kvotepliktig sektor, reduseres også antallet etterspurte kvoter, noe som gir en reduksjon i kvoteprisen. Men kvotene forsvinner ikke, de blir bare tilgjengelig for andre aktører, som stilt overfor en lavere kvotepris, vil ønske å kjøpe flere kvoter.»

Med andre ord, redusert utslepp på grunn av krafteksport, fører til auka utslepp frå annan industri, kolkraftverk etc i EU. Om samanhengen blir like sterk etter 2021, er uvisst, men den forsvinn ikkje.

NorthConnect – kva er motivet?

Vogstad har omsorg for Skottland, som i periodar må bremse produksjonen av vindkraft fordi det ikkje er sterke nok leidningar mellom Skottland og England. Og kva er svaret på det? I alle fall ikkje å byggje ein 665 km lang kabel frå Noreg, med enormt ressursforbruk og stort energitap. Kan det vera betre å forsterke nettet mellom Skottland og England, og la krafta erstatte gasskraft direkte? I tillegg har skotske ILI Group lagt fram plan om 4.000 MW ny pumpekraft i Skottland for å lagre vindkraft ved behov. Dette vil gje ca 3 gongar så stor kapasitet som NorthConnect. Konsernsjef Rynning Tønnesen i Statkraft vil ha NorthConnect så raskt som mogleg, og sa det slik: «fare for at britene vil gå andre steder, og prosjektet blir akterutseilt». Klima er tydelegvis ikkje motivet bak NorthConnect? Kan det dreie seg om auka pris på norsk kraft?

Så slepp Vogstad katta ut av sekken til slutt: «NorthConnect vil føre til økt utbygging av fornybar energi. Det betyr at vi «fyller på» med mer vind og vann». Der er vi heilt samde. Målsettinga med NorthConnect er å auke prisen på norsk kraft. Det vil gjera det lønsamt å byggja ned meir norsk natur for krafteksport, ikkje minst med vindkraft. Kva som kan skje med kraftforedlande industri er eit ikkje-tema.

 

Jan Haugen og Mads Løkeland-Stai

Kabelaksjonen.no