Det er kritisk for NorthConnect. Motstanden er aukande, og det er viktig å presentere kabelen som eit klimatiltak for å få konsesjon.

Tommy Løvstad og Lars Nermoen i NorthConnect spinn i eit innlegg vidare på bodskapen om at Skottlandskabelen NorthConnect gir utsleppskutt på 2 mill tonn CO2 i Storbritannia (UK). Dei hevdar at vi i Kabelaksjonen.no har rekna feil, og at kabelen vil erstatte gasskraft direkte, med utslepp på 0,5 kg CO2/kWh. Men det er «National Grid» i UK, som har rekna ut talet på 2 mill tonn CO2, som grunnlag for NorthConnects påstand. Når vi bruker offisiell klimafaktor for Storbritannia på 0,256 kg CO2/kWh, får vi 2 mill tonn redusert utslepp av CO2 i UK for 8 TWh netto eksport (NVE), akkurat som National Grid. Har NorthConnect slutta å stole på National Grid? Kraftnettet i UK er stort og komplisert, og det er ikkje direkte samanheng mellom import og gasskraft, slik det no plutseleg blir hevda.

Som vi har peika på i tidlegare innlegg, seier NVE at 8 TWh eksport til UK fører til 8 TWh mindre eksport til Kontinentet. Då mistar ein 4 mill tonn redusert utslepp i Kontinentet, om vi bruker NVEs reknemetode. Slik sett fører NorthConnect til totalt 2 mill tonn auka utslepp av CO2.

Vi er ikkje samde i at kraftutveksling nødvendigvis gir stor klimaeffekt, slik Løvstad og Nermoen skriv. Vi skreiv tvert om at det er grunn til å tvile på slike utrekningar, spesielt på grunn av EUs kvotesystem. Det ein sparar ein stad, kan auke utsleppet andre stadar, fordi det blir ledige kvotar. Vårt mål er å vise at påstanden om 2 mill tonn redusert utslepp av CO2 ikkje held mål med den reknemetoden NorthConnect bruker.

NorthConnect vil ikkje produsere ein einaste kWh, men vil i staden gje eit energitap på minst 1 TWh i året på flytting av kraft. Hovudvirkninga er prisauke på 1,4 – 3,4 øre/ kWh medrekna nettleige. I tillegg til virkninga frå andre utanlandskablar, aukar det risikoen for utflagging av norsk metallproduksjon. Dette kan bli katastrofalt, både for arbeidsplassane og klimaet.

Så slepp Løvstad og Nermoen katta ut av sekken: «I tillegg vil NorthConnect gjøre det mer attraktivt å investere i fornybar produksjonskapasitet i Norden.» Der er vi heilt samde. Prisauken på grunn av NorthConnect vil leggja ytterlegare press på nedbygging av norska natur med endå meir vindkraft for eksport.

Jan Haugen og Mads Løkeland-Stai

Kabelaksjonen.no

Innlegget er sendt til Romsdal budstikke, som svar på innlegget frå Tommy Løvstad og Lars Nermoen i NorthConnect