Statnett endrar nettariffen slik at det blir kraftig auke i utgiftene for kraftforedlande industri.

"Mindre rabatt"

Statnett vil ikkje auke nettariffen for vanlege forbrukarar, men for kraftforedlande industri blir endringa skjult gjennom uttrykket "mindre rabatt":
 

"Rabatten for stort og stabilt forbruk, typisk industri med stort kraftforbruk, skal over tid gjenspeile den nytten disse forbrukerne har for strømnettet. Ut ifra utviklingen i kraftsystemet opprettholder Statnett vurderingen om at nytten av stabilt forbruk blir mindre over tid. Det er derfor besluttet at begrensingen på hvor stor rabatt denne gruppen kan oppnå settes til 60 prosent for 2020.

Dette innebærer 15 prosentpoeng reduksjon i den maksimale rabatten for slikt forbruk fra 2019 og er i tråd med det som tidligere er signalisert.
"
(enerwe.no)

 
Dette vil i praksis sei at nettariffen aukar med 15% for kraftforedlande industri.
Dersom dette fører til at produksjon ved norsk kraftforedlande industri med tida blir flagga ut, så er det sterkt negativt, både for arbeidsplassane/ lokalsamfunna og for klimaet. Norsk kraftforedlande industri er heilt i toppen internasjonalt når det gjeld høg energieffektivitet og lågt utslepp av klimagassar.
 
Legg merke til grunngjevinga frå Statnett:
"Ut ifra utviklingen i kraftsystemet opprettholder Statnett vurderingen om at nytten av stabilt forbruk blir mindre over tid."
 
Er utanlandskablar og vindkraft forklaringa?
Det kjem mykje variabel kraft på frå vindkraft, og i tillegg fører dei mange utanlandskablane til sterkt varierande effektbehov i Noreg.
Tidlegare var stabile store forbrukarar gull verd for kraftverka. Ein brukte berre eit par store kraftverk med magasin til kontinuerleg å halda frekvens og spenning korrekt, mens resten av kraftverka kunne produsere med langsiktig planlegging.
No er dette snudd på hovudet
Dette såg vi døme på tidlegare i sommar, då Kraftverka i Orkla plutseleg vart tvungne til sterk reduksjon i produksjonen slik at tusenvis av lakseyngel kom på tørt land då Orkla gjekk raskt ned i vassføringa.
 
 
Kostnadsauken kan utgjera 1+ mill i året for Thamshavn verk og langt meir for Hydro: "Dette vil øke nettleiekostnadene med 80 millioner kroner bare for Hydro alene, på toppen av de 50 millioner kronene som fulgte tilsvarende kutt fra 90 til 75 prosent i 2018, skriver Industri Energi på sin hjemmeside." 
 
Statnett søkte i 2018 om å omklassifisere koblings/ trafostasjonen i Orkdal til å være "underliggende nett" og å selje stasjonen. Då vil Thamshavn bli forsynt frå distribusjonsnettet, og må rekne med ekstra kostnadar til nettleige for Elkem Thamshavn. Søknaden er under arbeid i NVE.