Les aksjonsgrunnlaget: Stans nye utenlandskabler

 

I 2019 dro ungdomspolitikarar frå AUF, Grønn Ungdom, Unge Høyre og Natur og Ungdom på 5 dagers tur til Storbritannia, betalt av NorthConnect. I etterkant vart det laga promoteringsvido for NorthConnect med ungdomane. 30.04.2020 slo Partilovnemnda fast at dette var ulovleg smøretur for AUF, Grønn Ungdom og Høyre, som må betale attende turens kostnad, ca 15.000 - 20.000/ person. For Natur og Ungdom var det ikkje formelt sett ulovleg, men fortsatt deltaking på ein tur der formålet var å kjøpe politisk støtte til eit omstridt kabelprosjekt.

 

NorthConnect tok med ungdomspolitikarar til Skottland for å få politisk støtte til den omstridte kabelen. Etterpå vart det laga promoteringsvideo frå turen, og der kan ein finne: Gaute Eiterjord, dåverande leiar i Natur og Ungdom, Daniel Skjevik-Aasberg, nestleiar i Unge Høyre, Nora Heyerdahl frå Grønn Ungdom og Agnes Viljugrein frå AUF. Fotoet er skjermutskrift frå videoen

I videoen kan ein høre Agnes Viljugrein frå AUF seia: "«Vi kan løse klimaproblemet, ha kraftutveksling, men samtidig holde folk i jobb og ta vare på arbeidsplasser i Norge», sier Agnes Viljugrein". AUF har seinare teke standpunkt mot NorthConnct, mens dei andre har vore forkjemparar.

Partilovnemnda viser mellom anna til at lova vart vedteke med grunnlag i NOU 2004:25 "Penger teller, men stemmer avgjør – Om partifinansiering, åpenhet …", og sitererer

"påpeker at forbudet «er tatt inn etter mønster fra Europarådsrekommandasjon (2003)4 art. 5c. Det fremgår ikke presist av bestemmelsen hvilke rettssubjekter som omfattes. Siden formålet er å hindre korrupsjonsliknende adferd og tilflyt av offentlige midler til enkeltpartier utenom den alminnelig støtteordningen, antas det ikke å være grunn til å gi bestemmelsen noen særlig snever fortolkning» (s. 156)."

Å hindre "Korrupsjonsliknende adferd" var altså ei av grunngjevingane til Stortinget for å innføre forbodet.

Men kva med kraftselskapa bak NorthConnect: Lyse, Agder Energi, Hafslund E-CO Energi og det svenske statlege Vattenfall? Går dei fri frå alle former for påtale for opplegget sitt med å forsøke å kjøpe seg politisk vedtak?